Vurderer du å flytte til Hallingdal og Gol? Gol kommune ligg sentralt plassert på Austlandet, og er eit knutepunkt mellom aust og vest.
Gol ligg i dalføret Hallingdal i Buskerud fylke.
Gol har eit typisk innlandsklima, med kalde vintrar og varme sumarar. Flatevidda i Gol er 530 km² og høgda over havet varierar mellom 180 og 1295 meter. Austover mot Valdres ligg det tradisjonsrike Golsfjellet. Turistbedrifter, hytter og stølsgrender har lenge prega dette senteret for fjellturisme i øvre Buskerud. Det er tilrettelagt for eit aktivt friluftsliv med eit nett av merka løyper for både vinter- og sumaraktivitetar.
Gol kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på seksBilete av Breidokk barnehage barnehageavdelingar og ein privat familiebarnehage. Kommunen har to barneskular og ein ungdomsskule.
Gol vaksenopplæring gir tilbod om grunnskuleopplæring, spesialundervisning og undervisning i norsk med samfunnsfag for framandspråklege.
Kilde; gol.kommune.no




