Modalen kommune ligg inst i Osterfjorden og har dramatisk natur, bratte fjell, fossefall og store vidder.
Her er gode høve for friluftsliv og rekreasjon; fotturar i Stølsheimen, og godt fiske i fjord, elv og vatn. Kommunesenteret Mo er også verd ei vitjing. Langs den sermerkte bryggjerekka med kaipromenade er det tilrettelagd for båtturisme. Modalen båthamn var kåra til Hordaland sin tredje beste i 2000. Den er svært populær for båtturistar frå både fjern og nær. Den kvite sandstranda er ein fin tilhaldstad for småbornfamilier ein sommardag. Her er sanitæranlegg, butikk, post og restaurant i nærleiken.
Som første kommune i Noreg har Modalen tilbydd innbyggjarane sine eit trådlaust nettverk med internetttilkopling til fritt bruk. Kommunen var òg den første som kjøpte datamaskinar til alle skuleelevar i 1993. Ressursane til dei store investeringane kjem hovudsakleg frå dei store inntektene frå vasskrafta.
Interesser i Modalen: Uni Micro (dataverksemd), Bryggjeslottet (samfunnshus, bowling, badebasseng), Coop Marked, Modalen Sjø og Fritid (turistverksemd) m.fl.
(Kilder; modalen.kommune.no og wikipedia)




