Presentasjon av Herøy kommune

Skriv ut
Flytte til Herøy? Øykommunen Herøy har Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som næraste nabo. Seks av dei åtte øyane i kommunen er knytte saman med bruer.

Herøy - sentrumsbilde
Herøy - sentrumsbilde

Fosnavåg, byen ved Runde, er kommunesenter i ein av dei største fiskerikommunane i landet. Kystbyen Fosnavåg blir og omtalt som den mest innovative byen i Norge på grunn av utviklinga innan offshorefarty (over 100 offshorefarty og åtte offshore-reiarlag).
Med naturhamna si er Fosnavåg ein by der du kan oppleve eit særmerkt kystmiljø.
Herøy, med ca. 8400 innbyggjarar og landareal på ca 135 km2, ligg sørvest for Ålesund. Fly, hurtigbåt, gode vegar og dagleg hurtigruteanløp i Torvik gir lett tilkomst til kommunen både sjø-, luft- og landevegen.

Fosnavåg, kommunesenteret i Herøy
Fosnavåg, kommunesenteret i Herøy

Herøy har eit godt tilrettelagt idrettsliv med idrettslag i mange av bygdelaga. Spesielt står handball og fotball strekt, men du vil finne tilbod også innan t.d. friidrett, symjing, badminton og klatring.
Herøy har og eit allsidig naturlandskap med mange moglegheiter for utøving av friluftslivsaktivitetar!
Herøy kommune er ein kyst- og øykommune med mykje sjøareal, øyar og holmar, men også villmarksprega fjellandskap. Her kan du nyte sjø- og båtliv, fjøre- og strandliv og skogs- og fjelliv. Alt på ein og same dag om du vil, for avstandane er ikkje store. På grunn av det kuperte terrenget med høgder på opptil 660 meter kan ein nyte ei fasjonabel utsikt frå fleire av fjelltoppane på dei forskjellige øyane i kommunen.

Herøy fritidsbad
Herøy fritidsbad

Utsikta bærer langt ut mot det opne havet og solnedgangen i vest, sørover ser ein Stadt og det ville havet der. Mot aust kan ein la seg fasinere av utsikta til dei snøkledde toppane av Sunnmørsfjella og i nord mot Ålesund og Nordøyane.

Kilde;
www.heroy.kommune.no