Vurderer du å flytte til Valdres? Vestre Slidre kommune er ein av dei 6 Valdreskommunane i Oppland fylke. Slidrefjorden og Strandefjorden, som er ein del av Begnavassdraget, deler kommunen i to.
Kommunen har tre tettstadar; kommunesentret Slidre, handelssentret Røn/Fosheim og bygdesentret Lomen.
Landbruket er den største næringa i kommunen, med sine 197 aktive bruk. Østlandsmeieriet er den største bedrifta med 94 tilsette.
Reiseliv er ei tradisjonsrik og viktig næring i Vestre Slidre. På Vaset er eit 360 dekar stort område tilrettelagt med vatn og kloakk for etablering av fjellstover, serveringssatder, hotell m.m. Her finn du skiheis, turløyper for både sommer- og vinterbruk. Mange vatn og store fjellområde kan by på eit vell av aktivitetar.
Naturen er særpreg og variert; høge fjell og store vidder, vakre innsjøar og vatn, bratte og slakke dalar.
Kilde; vestre-slidre.kommune.no




